- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
234

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

234 Ungdom,

og btt tilslørd i Tenoren; Kyrkjelyden song.
Daa Salma var til Endes, vart Ungdomen teken
upp til Altaret i Avdelingar og konfirmerad;
Graaten toktilatt. Aalvor daag yver det heile.

Det var 81 Konfirmantar, 38 Gutar og 43
Gjentur. Presten, som sjølv var trøytt no, eks-
pederad dei ein for ein nokso fort, og dei for-
sikrad alle ihop, at dei forsakad av heile sitt
Hjarta Djevelen og alt hans Væsen og alle hans
Gjerningar, og at dei av heile sitt Hjarta trudde
paa Gud Fader, Son og Aand, og at dei vilde
staa fast i denne si Tru til sin siste salige Ende.
- Det gjekk so taktfast og trygt, at det maatte
gjera Kyrkjelyden godt aa høyra paa.

Dei, som var framme fyrst, greet. Dei
som kom seinare tok det meir rolegt; mot
Slutten var der ingen som greet, og ingen som
høyrde etter. Kyrkja var trøytt, Solstraumarne
var ute for lengje sidan; Romet myrknad mot
Kvelden. ;

So var Anne Malene vaksi. Ho var glad
for dette heile Dagen; for no var ho fri; no
kunde ho forlova seg kva Tid som helst. Han
Per kunde koma naar han vilde.

Men ho vilde ikkje segja Ja med det same.
Ho vilde leika med han ei Stund. Ho vilde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0246.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free