- Project Runeberg -  Jesus Messias /
18

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Forklaaringssogo gjev oss ein Skimt av den
himilske Messiasglansen etter Rabbinlæra. Jesus
vert umskapt for Augom paa Sveinane (dei
tri som her fær vera med); Aasyni hans „skin
som Soli" („fær ein annan Svip", Lk.), og
Klædi vert kvite „som Ljose" („som Snjo", Mk.;
„som Ljone" Lk.), og det kjem ei Røyst or
Skyi som segjer: „denne er Son min som eg
elskar (han som eg hev Hugnad i, Mt.); høyr
honom!" Desse Ordi, serleg det Tillegge som
Mattæus hev, minner um Es. 42: 1; samfør
5 Mos. 18: 15: „ein Profet midt ut av Israel,
ein som eg, skal Herren uppreise; honom
skal de høyre!" Og Moses og Elias,
Grunn-leggjaren og Nyreisaren fraa den gamle
Israels-tidi, syner seg og talar med Fullføraren fraa
den nye. Etter Lukas er Emne for Samtala:
„hans Burtgang, som han skulde fuliføre i
Jerusalem" ; ein sky nar at Apostlane hev havt
Stræv med aa faa den „Burtgangen" til aa hø ve
inn i det gamle Messiasbilæte; ein skynar og,
at denne Sogo er innførd i Lukasboki etter
at Sonings-Tanken var komin upp. Sveinane
vert ovrædde; attaat er dei, her som i
Getse-mane, „tyngde av Svevn" (Lk. 9: 32); Peter
finn, at „her er oss godt aa vera"; men han

det som er fortalt i Johannesboki. Hjaa Mattæus roser
han Peter for Vedk’jenningi hans; det veit dei andre
inkje um.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free