- Project Runeberg -  Jesus Messias /
27

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

um det hev gjengi fleire Freistingssogur millom
dei fysste kristne, so er daa ikkje fleire komne
med i Skriftine.

Det er gjenom Sjølvsjuken Freistaren
lokkar, her som i Edenhagen, men paa ein
ser-skild Maate, og dertil tri Gongir for ein, daa
det er Messias han her hev for seg. Og det
er fysst og fremst Tvil um Messiasdomen han
vil vekkje: er du Messias, segjer han, so gjer
Steinar til Brød, eller kasta deg ned fraa
Tem-pelrauste. Daa dette ikkje nyttar, freistar han
aa naa Æresjuken: gjev deg yvi til det vonde,
so skal du vinne Verdi! Det er ville Tankar
som den unge Messias gjenom Framvokstren
hev havt aa takast med; men han hev haldi
seg til Sanningi og vunni.

Av Johannesboki ser me, at um Jesus hev
vori freista paa vanlig Menneskjevis, so hev
han stadi daa med; „kven av dekon kann
yvityde meg um nokor Synd?" segjer han
(Joh. 8: 46). Nokon „syndefri Natur" krev han
sjølvsagt ingin Stad; er han Menneskje so kann
han falle, liksom den syndefrie Adam; ingin
er god utan ein: Gud.

*



Læresveinane sine vel Jesus i Folke,
millom deim som hev Barnehugen. Tale paa deim
er det gamle Tale paa Israels-ættine; til Israel

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free