- Project Runeberg -  Jesus Messias /
128

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

elles ikke er gløymd (20: 17); Jesus er Guds
Son paa ein serskild Maate. Vel er det
Faderen som hev gjevi honom denne serskilde
Høgdi, „gjevi honom aa hava Liv i s eg
sjølv" (det stend so; 5: 26); men „Liv i seg
sjølv" hev han; Menneskje i vanleg Meining
er han ikkje.

Bokmeistaren hev stundom sjølv havt ei
Kjenning av at han her gjekk langt; han læt
daa Jesus koma med Ord som skal hindre
Mistydingar. „Jødane" — som hjaa dei tri
fysste held det for Gudsspott herre at ein
Ga-lilæar vil vera Messias (Mt. 26: 63—65; Mk.
14: 61—63; Lk. 22: 67—71) — trur i
Johan-nesboki at Galilæaren vil vera Gud, eller daa
gjera seg „lik Gud“ (5: 18; 10: 33); i Jesu
Tid kunde ein slik Tanke aldri vera uppkomin.
Men i Johannesboki vert baade Skuldingi og
eit Svar fraa Jesus uppsett. Jesus viser til
Salme 82, der det (V. 6) stend: „eg hev sagt:
dé er Gudar1." Og han legg till: „kaliar Skrifti
deim Gudar som Guds Ord kom til — og
Skrifti kann ikkje verte ugild —, segjer dé
daa til den som Faderen hev helga og sendt til
Verdi: du spottar Gud, av di eg sagde: eg er Guds
Son?" Men med Johannesboki kann me endaa

1 Fysste Verse tyder: „Gudstendi Guds Forsamling

og dømer midt imillom Gudane." Kongar og store
Herrer vart ofte kalla Gudar i gamal Tid.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0138.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free