- Project Runeberg -  Jesus Messias /
135

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hev knapt vori Apostlane imot1. Um ho ikkje
var uppkomi i den fysste Tidi (Apg. 2: 14—
36; 3: 12—26; 4: 24—30; 7: 52, 53); so hev
det ikkje vori lengi fyrr ho hev vunni seg upp;
i Apg. 13: 39 legg Paulus i Antiokia fram Læra
um „Rettferdiggjeringi" ved Kristus og vert
ikkje motsagd, — ikkje av Bokmeistaren
(Lukas) heller. Etter Gal. 2: 9 gjeng daa
Apostlane med paa at Paulus tek Heidningane paa seg.

Det hev pint Paulus at han var komin so
seint med, og at han ikkje hadde kjent
Mei-staren (smf. 1 Kor. 15: 8, 9). Han kallar seg
og „den aira ringaste av alle deiheilage" (Ef. 3:
8; 1 Kor. 15: 9). Men „mindre Mann enn dei
ovstore Apostlane" vil han ikkje vera (2 Kor.
11: 5; 12: 11; 1 Kor. 15: 10); i Antiokia hev
han endaa sagt Peter imot „beint upp i opne
Augo" (Gal 2: 11, 12). For um Apostlane høyrde
Jesus daa han var paa Jordi, so hev Paulus
Opinberringar fraa Kristus i Himilen (2 Kor.
12: 1—7; Gal. 1 : 12). Og daa talar „Herren"
til Paulus som han var den einaste Apostelen
(sjaa t. D. Apg. 26: 15—18, der Paulus elles
læt Jesus segja meir enn rett skulde vera etter

1 Jakob fraarekna (um ein so vil tru at Paulus hev
vori so lempeleg, at Jakob etter 2: 22, 24 i Breve sitt
kunde ha fylgt ’n); etter Apg. 12: 2 var Sebedæus-Sonen
Jakob drepin fyrr dette Møte vart haldi (Gal. 2: 10;
Tilvisn).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0145.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free