- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
24

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Bibelen", hev sine „Sannings-Kjeldur"
utan-fo r den.

So her skynar eg ikkje Steingrim Lærar.

Dess betre skynar eg han, naar han segjer:
„Menneskjesonen kann me kann henda liva,
men ikkje døy paa"; eg kjenner dette so
vel att fraa mine eigne Strids-Tidir.

Presten hev lært oss aa spyrja, ikkje so
mykje um korleis me skal liva, men fyrst og
fremst um, korleis me skal døy. Kva Jesus
tenkte um dette siste Spursmaale hev eg etter
Testamente lagt fram i Boki mi. Men det eg
serskilt hev lagt fram, det som eg ser Jesu
sanne Visdom i, det er, at han lærer oss
korleis me skal liva.

Gjeng ein til Jesus fyrr ein hev komi til
dette Spursmaale, — ja, Jesus svarar sitt: Du
skal gjera Guds Vilje. Dette Svare finn me,
med vaar Kyrkjeupplæring, forunderleg lite djupt.
Det er klaart! Beint ut sagt klaart! Og det
som er klaart kann daa ikkje vera djupt? Nei;
dette er nok ikkje noko aa høyre paa. Me
dreg paa Aksli og gjeng vaar Veg, um Lag som
Spyrjaren i Mt. 19: 16—22.

Men hev ein arbeidt so lengi med
Livs-spursmaale at ein ser kor stutt me i røyndi
rekk, med Tenkjarvisdom som med
Kyrkje-lærdom, so kann det hende at ein gjeng til Jesus

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free