- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
37

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det gjekk som det laut gange. Det som
fyrr hadde vori Utestengjing, Til-sides-setjing,
vart Tvang og Tyngjing, og sistpaa Vald; den
„kristne Kyrkja“ tok sjølv til aa forfylgje
Jesus-Sveinane (Valdensarar, Albigensarar, Hussitar,
Hugenottar og kva dei utetter Tidine vart kalla).
Og det vart Forfylgjing for Aalvor;
Mot-Messias skyna, at her galdt det Tilvære hans.
Det vart ei Forfylgjing, ikkje paa nokre Aar,
men ei Forfylgjing som varde og som rakk,
Hundradaar etter Hundradaar, og auka og
voks, i Vidd utyvi heile den kjende Heimen,
og i Hardhug og Villhug til ho naadde det
høgste av Fælske som Sogo veit um.

Her berre nokre av dei grovaste Dragi:

Alt i Aar 630 maatte den spanske Kongen,
drivin av Kyrkjemagti, gjera Eiden sin paa, at
han ikkje i alle sine Rike og Land vilde tola
anna enn kyrkjetrugne. I 1160 vart det ei
hard Forfylgjing i England; 1224 tog
Tyske-keisaren til aa brenne deim som „ trudde rangt “;
og Franskekongen gav seg til med det same i
1228. Pavane sjølv preika Krossferdir i Kristi
Namn mot dei Jesus-Kristne, og lova
For-fylgjarane — det verste Herk under Soli —
Syndsforlating og fri Inngang til Himilen; paa
den Maaten kom det i den fysste Helvti av
1200-Tale i Gang ein Trudoms-Ufred som
varde i 20 Aar, med Brenning av Byar og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free