- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
38

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Bygdir og Blod fløymande yvi Land; ein Stad
vart 180 Menneskje brende upp paa ein Gong;
det er so ein trur ein er i Helvite, naar ein
les um det. Men Kongar og Hérmennar som
var Førarar for denne Slagting og Brenning,
dei vart av Paven lyste heilage; og Kyrkja
dyrkar desse Heilagmenni enno.

Keisar Karl V forfylgde Luther og hans
Flokk i alle sine Land; Hertugen av Alba fekk
paa 6 Vikur Live av 18000 Protestantar; i
Holland vart 50000, i Belgia 100000, drepne for
Vantru mot Pavekyrkja; i Frankrike hev me
Blodbad og Blodbrudlaup i Merindol, Orange,
Paris o. s. fr.; Mennar, Kvende, Born vart
nedkniva eller uppbrende, ofte pinte og
skamfarne paa den fælaste Vis; etterpaa gjekk
Kongen i Kyrkja og takka Gud for det som
gjort var. Og Kristi Jarl i Rom og hans
Hovmennar song Lovsongar og heldt
Takke-messur av Hjartans Grunn, og lyste dei verste
Blodhundane heilage; „Forsvararar for den
heilage Trui“ døypte ho deim. Eg kann ikkje
rekne upp all denne skræmelege Molokdyrking
i Jesu Namn; eg skal endaa berre nemne, at
i eit einaste irskt Landskap, Ulster, vart i ei
„Krossferd“ i 1641, etter ei Rekning som gjeld
for rimeleg, 154 000 Protestantar drepne eller
avjaga.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0042.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free