- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
120

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

120-

BONDESTUDENTAR

Papir; Lufti var full av Papir-Rassl som av ei kvass
Kviskring.

Stilt og høgtidsleg banka Daniel paa Døri. Ingin
svara. Ein Gong til; noko fastare; — „kämm-inn!"
sagde eit tvert Mæle liksom langt inne or ein Kjellar.
Daniel lét varleg upp og steig inn, audmjuk som skulde
han fram for Kongen.

Der var ingin inne. Rome var ikkje stort, heller
ikkje ljost. Men stygt var det, og ustelt. Midt paa
Golve stod eit Bord fullt av Papir og gamle Avisur;
for Bordenden stod ei stor Kipe eller Korg full av
same Slage; Bøkar og Pakkar laag og slong burtetter
Golve; ei stor Bokhylle lengst inne stod halv-tom og
glein og gapte yvi nokre Aargangar av Bondevennen
og Storthingstidende; eit Par Pinnestolar stod og dreiv
her og kvar der dei sist var sette. Men i eit lite Kot
innanfyri saag Daniel ein graa Rygg, som sat og lutte
framyvi ein Pult; skulde det vera Bondevennen?

Den graae Ryggen vreid seg rundt; Daniel fekk sjaa
eit bleikt, surøygt Andlit med tunt, raudt Skjegg kring
tunge, posne Kjakar; Munnen var breid og keid, men
sagde inginting. Daniel vart ille til Mods. „Er det
. . . Redaktøren?" spurde han; skulde vel sagt „Herr
Redaktøren", men fekk det ikkje til. „Han kommer
straks," var Svare; „sitt ned!" Dermed snudde
And-lite seg burt att; og Daniel saag paa nytt ein graa
Rygg som sat og lutte framyvi ein Pult.

Daniel gav seg i Kast med den eine Pinnestolen og
fekk sett seg. Han var glad for at den graae Ryggen
ikkje var Redaktøren, men kjende seg uroleg naar han
tenkte paa, at denne store Mannen snart skulde koma
. . . stigande inn breid og majestætisk, grundande paa
landsvigtuge Reformir; kvaskulde ein segja til slik ein
Mann?

Det banka; Daniel skvatt der han sat. „Kämm-inn!"
sagde den graae Ryggen; og ein litin mager,
halv-gamall Fyr smatt inn, snaud og snøgg, med eit lite

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0130.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free