- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
121

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

121- BONDESTUDENTAR



forunderlegt Katte-Andlit. Han hadde Ryggen halvt
krum til Helsing, men retta seg daa han ikkje saag
Redaktøren; smatt so med lettvinne magre Stig burtaat
Indredøri; Daniel kjende paa seg, at Mannen var
Skræd-dar. „Goddag!" — Den graae Ryggen vreid seg.
„Redaktøren ikkje inne?" — „Nei." — „Kjem han
snart?" — „Aa, i Morgo." — „I Morgo?" —
„Fyri-middag ein Gong." — „Men i Dag var eg her inne i
Eskpedisjonen; og daa sagde dei at han kom her i
Ettermiddag?" — „I Morgo Fyrimiddag som sagt. Høyr
innum Klokka 11 til 1." — „Jaja. Men det var elles
dette Stykke, forstend De . . ." — „Kva for ei Stykke?"

— „Aa, dette um Luksus . . . um kor gale det er
med all denne Luksus’en" ... — „Naa —?" —
„Han lova det skulde koma; men det drygjer so lengi
no; eg vilde gjerna vita um det ikkje kjem snart!" —
„Ja, De fær snakke med Redaktøren." — „Og so vilde
eg gjerne vita, um eg ikkje kunde faa noko for Stykke
. . . Det er ikkje greidt aa klara seg i desse Tider ..."

— „Høyr innum i Morgo Klokka 11 til 1." Andlite
snudde seg burt; den graae Ryggen viste paa sin Maate
Skræddaren Døri. „Godt, godt," sagde Skræddaren,
han stod og bytte Føtar og liksom dansa; „i Morgo
11 — 1 . . . Ja, Godmaar’n daa!" Han vimsa ut att
med lange Stig, og det viste seg at han hadde
Maane.

Daniel lika seg ikkje der han sat; det var
uhyggje-legt her, og visst lite aa vente. Han vaaga seg burti
Døri og spurde vyrdsamt, um det var so at Redaktøren
ikkje kom fyrr i Morgo? — „Kommer straks," knurra
den graae Ryggen. Var det elles noko han kunde
greide? — Mja — nei, det var . . . Vilde han kanskje
hava Arbeid i Blade? Var han burtvist fraa
Univer-sitete kannhende? — Nei, Daniel var daa ikkje det.

— „Naa, godt. Alle som stryk til Artium eller vert
burtviste fraa Skulen kjem gjerne her og vil vera
Bladmennar; me kunde forsyne heile Europia med slike

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0131.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free