- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
122

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

122-

BONDESTUDENTAR

Bladmennar; — so der bør De ikkje konkurrere.
Godt; der er’n."

Daniel vende seg bleik og budde seg til aa helse.
Inn gjenom Døri snudde seg ein diger Kropp i ein
diger Vinterkjole; paa Hovude hadde han Skinnluve og
for Augo eit Par store Hornbrillur. Daniel bøygde seg
Gong etter Gong. Den gamle svara ikkje; gjekk burt
i ei Kraa og tok av seg Kalosjune og Overfrakken. So
kom han stigande med gamle, varlege Stig burtimot
der Daniel stod; helsa ikkje; sagde inginting; stirde
stivt gjenom Brilleglasi.

Daniel sagde i snaavande Hast kva det var han vilde;
Gamlingen riste paa Hovude og svara Nei. Nei, han
visste inginting. Han hadde hjelpt ein og annan i Veg
fyrr . . . „sitt ned, Gutten min!" — Gamlingen sette
seg sjølv —; soleis var der ein, som heitte . . . som
heitte so mykje som . . . Jakob, nei, Peder, nei, det
var Jakob! nei, det var nok Peder, Peder, — Peder
Monsen . . . „Kjenner De Peder Monsen?" — Nei,
Daniel gjorde ikkje det. — „Naah. Ja; det var elles
ein Gut som forstod aa snu seg; han fekk Død og
Pine laane 20 Dalar av meg, som han skulde betala,
naar Far hans fekk selt ei stor Malmgruve han hadde
funni ..." Og Daniel fekk ei lang Sogu um denne
Peder Monsen og hans Gaave til aa snu seg; den gamle
lo og kom i godt Lag. Men Daniel kjende seg meir
og meir modlaus. Der banka det paa Døri. „Kom!"
ropa Gamlingen. „Ja, som sagt, nu vet je ingen Ting,
Gutten min; men De faar avertere! — Godkveld,
Godkveld!" sagde han til den nykomne, „naa, det var bra,
De kom. Sitt ned! Ja Godkveld, Gutten min!" —
Daniel gjekk; han kjende seg so underleg kald, og so
tung i Føtane.

Han gjekk heim og sette seg. Han tenkte ikkje;
berre sat og var modlaus. Etterkvart tok han til aa
drøyme. Kanskje var der ei Meining i dette med.
Kanskje Vaarherre ikkje vilde at han skulde binde seg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0132.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free