- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
21

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Utanfor Krambuglasi stod dei og glodde; Fanny valde
ut det ho hadde Hug paa, og Frits skulde kaupe det aat
henne, naar han vart stor. Ender og daa gjekk han
inntil henne og lyfte upp det vesle blaae Sløre ho hadde
for Andlite og kysste henne; det totte Folk var løglegt.
Dei stana upp i Gata og lo; Tenestegjentur og
Krambu-karar stod paa Troppine og lo; unge Frøknir sat attum
Gardini og smilte og nikka til deim. Det vart gjort ei
Vise um desse tvo smaa Kjærastfolk, og den Visa vart
til ein Folkesong i Kristiansborg:

«Aa Frits Johannesen, det Bustehu’e
ho Fanny Holmsen skal bli hans Frue;
og er det laga, so er det likt;
i Byens Kyrkje dom skal bli vigt’.

Og Presten Pukstad skal vi’ dom samen,
og Klokkar Eilertsen skal segja Amen.
So gjev Fru Holmsen ei Steik so fin;
men J. Johannesen gjev Brennevin!» —

— Det var elles paa dei Tidir no, at Fanny laut til aa
lære eitt og anna; og det gav Fru Holmsen mangt aa
tenkje paa. Vrang og vill var Ungen, med alskyns
Paa-fynster og ymist Tull; det vart ingin Leik aa faa Skikk
paa henne.

Fru Holmsen byrja med aa lære henne Fadervaar.
Kvar Kveld naar ho hadde lagt seg, laut ho segja fram,
etter Fyrisegn av Mor si, desse Bønine som var so
vande aa hugse: Fader vaar —; helliget vorde —; ho
vart arg stundom og sagde nei, men fekk daa vita at
Gud ikkje likar uskikkelege Smaagjentur. Og Gud var
ein stor Herre som kunde gjera med oss kva han vilde,
ja taka Live vaart og etterpaa stengje oss inne i ein
Bakaromn; so Fanny laut agte seg for aa erte upp den
Mannen. Men var ho snild, og glup til aa lesa
Fadervaar, so vilde Gud au vera snild mot henne; for snilde

21

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free