- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
22

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Born lika han. Var Fanny ikkje reint i Ulag, so lét ho
seg segja med dette; helst saag det ut til at ho tok
Fæla, naar Mora hennar fortalde um den gloheite
Bakaromnen.

Det tok til aa bli vandt aa halde henne burte fraa
Gata og Bord-Tuftine. Ho vilde ut og leike seg. Men
Fru Holmsen vilde ikkje vita av det; Dotter hennar
skulde ikkje vekse upp i Lag med alle dei Fatig-Ungane.
Det vart mykje Uhugnad av dette, og mykje Leidskap.
Raadlaust var det aa setja Forbode igjenom strengt au.
Vilde ein hava Fred ei Stund, laut Lovi av og til sova.
Det kunde vel ikkje vera so faarlegt for ein Gong Skuld
heller. Daa visst ikkje no med’ ho var so liti. —

— Det skulde bli eit Grand Gaman i Kristiansborg lel
den Sumaren: ein Dverg, «Admiral» Picklonomini, kom
paa si Rundreis til Byen og synte seg fram. Han «tala»
paa den store Salen i Fru Miihlbergs Hotel um
Napoleon den store; og Fanny fekk vera med aa sjaa han.
Han kom fram paa eit stort Bord i ei naud-ven
Mundering; so tala han paa noko som skulde vera svensk,
og vart vel fagna. Serleg vart Fanny glad i han; og
Dagen etter maatte Mor hennar taka henne med seg til
Fru Miihlberg, so ho kunde faa gjera seg kjend med
Karen. Og no vart Admiralen paa si Side so hugtekin
i Fanny, at ho maatte vera der ut-etter Dagen og leike
med’n. Dei skyna kje Maale til kvarandre, men tala
saman like godt, og lo saman; og Dagen etter maatte
Fanny koma att. Enden vart, at Admiralen vilde ha si
kleine petite amie med seg paa Framsyningi næste
Gong. «Admiralinna» tenkte seg um; svara so ja; og
daa Admiralen lova Fanny «en Mark’e», so lét Fru
Holmsen det like eins skure.

Det vart ein gild Kveld. Upp-aa det store Borde stod
det eit lite Bord, der Admiralen hadde Bøkane sine; att-

22

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free