- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Haugtussa. I Helheim /
90

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

90

HAUGTUSSA

Fanden priser med Fagnad stor
sine Tenarar gode;

„held stødt de fram, skal Live paa Jord
vel sjaa sin Aftanrode."
Rundt han svinsar og hev eit Ord
til deim alle.

Kvar daa fær seg eit Svaavelband
til Stas paa Kjoleborden;
d’er det største ein vinne kann:
den høge Langrove-Orden.
Naadig nikkar den svarte Mann
til deim alle.

Men Ære den som Ære bør;
best skal den beste beite;
ein vert Riddar og ein Kommandør,
men Basen fær Storsvins heite.
Fanden helsar med lyfte Klør
til deim alle . . .

Ein Søkjar.

Fram kryler ein kaapeklædd, gullkrynd Mann
med Reiv um sin bøygde Skalle;
Kaapa er sulka, som hadde han
i djupaste Dye falle.

„Aa Helvit-Herre, aa høyr mi Bøn!
Eg er ein Konge i Pine;
og deg eg søkjer um Hjelp og Løn,
for no er eg ein av dine.

Mange lika den lette Leik
eit rolegt Land aa herja; —
eg gav meg Fanden og mansleg sveik
det Folk eg skulde verja.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1909/0096.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free