- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Haugtussa. I Helheim /
91

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HAUGTUSSA

91 1 1

Men sidan rædde dei burt seg dreg
og lite signar Verke;
og Folke stirer stygt paa meg;
det ser Forraadar-Merke.

Aa tak det av meg, eg bed deg blidt,
du Overherre sanne,
so atter eg kann lyfte fritt
mi høge Herrepanne!"

Fanden skriv i Boki hans Namn
og flirer av Hjartegrunnen;
so tek han den merkte Drott i Famn
og kysser han glad paa Munnen.

„Meinsvorin Munn hev ein Svaavelsmak,
som alltid eg like kunde.
Og vel vere deg som bar mi Sak! —
Eg trivst der Folke er bundi.

No stend du skrivin med Judas inn;
det er den øvste Æra.
Men Svidemerke paa Skallen din,
med det kann eg inkje gjera.

Det maa deg fylgje i Liv, i Grav,
i Sogu og Skuggeheimar;
d’er slikt, det læt seg kje svide av
i alle Helvites Eimar."

Høg Gjest.

Fram rid Beingrind paa blakke Hest;
svart er hans Kaape sid;
Sigden ved Sida han vel hev fest,
vil no raste ei Rid.
Nikkar til Fanden med Breidflir blid
gjenom Natti.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1909/0097.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free