- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
5

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

5 EIN FRITENKJAR



Foreldri og Syster si og var overlag glad; Hauk helsa
fint og blidt som ein Kjenning i Huse og bøygde seg
framifraa djupt for Ragna.

„God Kveld i Huse og glad Jolehelg!" ropa Hans.
„Her er den store Utlandsfararen og vise Mannen
Ey-stein Hauk, og der" — han tydde paa Kapellanen —
„er den strenge Guds Mannen Balle, Kapellan no,
Prest sidan, tilslutt Bisp, ein grunnmura Teolog og ei
sann Stydd for Kyrkja i desse sundrivne Tidir. Dé
vil koma godt til Lags, dersom dé ikkje kjem i
Slagsmaal um Serspursmaal."

Der vart Prat og Laatt; Frua skjenkte Vin; dei
framande kom til Sæte; snart var Borde yviskipa, og
so bar det inn i Matstogo, der Jolegrauten og Jolefisken
stod og rauk i store Fat og „venta paa Folkehjelp".
Presten las Bordbøni, som ikkje vart høyrd paa med
vidare Ettertanke. Ragna og Balle sat mest og glytte
etter Hauk: men Hauk glytte paa Ragna, og Frua
saag paa Hans, um han hadde vaksi noko det siste
Aare, og um han hadde komi seg i Hold og Venleik.

Den som tala mest ved Borde var Hans. Hauk
var heller faamælt. Presten spurde so smaatt etter
um Utlandsferdi hans; han svara greidt, men stutt, og
ofte i so sløgtenkte Ordelag, at det var vandt aa finne
ut hans rette Meining.

Kapellanen vilde og gjerne høyre fraa Utlande.
Koss stod det til med Kristindomen i Frankrike? —
Aa, so ymist. Det var der som her: der var Folk av
alle Slag. — Men var daa ikkje Stormengdi ukristne?
— Aa, av upplyste Folk var det vel minste Flokken,
sotn ein kunde kalle kristne. — Men Live der nede?
Var der ikkje svært med Rotinskap og Tuktløyse ? —
Aa, naar ein rekna ifraa visse Lag, i visse Byar, so
kunde det vel vera paa Lag der som andre Stadir. —
Jaso. — Balle skjegla ustødt burt paa Hauk og tala
ikkje vidare med honom sidan.

Daa dei kom fraa Borde vart det framsett Ettermat

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free