- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
6

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

6

EIN FRITENKJAR

med Vin; Pipa kom og fram. Samrøda gjekk like
radt; men det var enno Hans som svalla mest. Han
var ein frisk, glad Gut; Mori sat og hugga seg med
aa sjaa paa honom. Presten og Balle sat og røykte;
glytte av og til burtaat Hauk, som sat noko ifraa ved
eit mindre Bord og smaasvalla med Ragna. Prestane
var meir tegjande, og Balle saag ut til aa like seg lite,
alt um han prøvde aa tvinge seg. Hans forstod dette
og lo. „Bry dykk aldri um Hauk," sagde han. „Han
hev vori i Paris han, og lært Franskdom, so no likar
han best Kvendelag; men berre bie eit lite Grand, so
vert han snart norsk att, held seg til Pipa og Glase
og læt Kvinfolke hytte seg sjølve." Balle beit seg i
Lippa; Presten smaa-mylte: „Ungdomen er meir bljug
av seg her i Norig," sagde han.

„Det er sant," tok han atti; „du hev vel lesi denne nye
Novellen, „Virginia", som Folk hev venta so lengi paa?"

„Virginia?—huff! det er ei fæl Bok, "svara Hans og smilte.

„Fæl?" sagde Kapellanen frettande.

„Det er ei Skandalbok! — segjer Kristiania. Ho
hev reist heile Byen aa Ende. Ho riv ned paa
Ægte-skape, segjer dei, paa Moralen, paa Samfunde ... eg
hev aldri set Kristiania so moralskt som i desse Dagar."

„Hm," sagde Balle, „Kristiania er i det store og
heile ein moralsk By."

„I denne Tid er han det! Den unge Diktaren er
seld for Livstid. Mennane forbyd Kjeringane aa lesa
Boki, og Kjeringane forbyd Døtrane det . . ."

„Og so les dei allesaman?" sagde Presten.

„Javisst! Kjeringane les og blæs: pøh! den Diktaren
kjenner ikkje Live! og Døtrane, dei vene vesle Englane,
dei les og segjer: kjære, er det nokon Ting? Me hev
lesi verre Bøkar enn den?"

„Men so fortel kva Boki gjeng ut paa," sagde Presten.

„Ho gjeng ut paa, at ... at gifte Folk skal elske
kvarandre," sagde Hans fult.

„Aa haa! — den frie Kjærleiken!" ropa Kapellanen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0014.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free