- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
12

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12

EIN FRITENKJAR

IV.

Den Natti sov ikkje Gamlepresten stort. Han gjekk
att og fram i Kammerse sitt og tenkte. „Naar det
kjem til Stykke," sagde han med seg sjølv, „so hev nok
Balle Rett. Der er noko illt og vondt i denne
Tids-aandi. Der er noko djevelskt. Berre sjaa no som
denne Eystein Hauk . . . denne snilde, hyggjelege Guten
. . . han er ikkje attkjennande. Han er frosin til Is
... og hærd til Staal . . . sleip og glatt som ein Orm
. . . Det stod slik Kaldhjelm av honom, at han gjorde
meg reint sjuk. Ingin Respekt . . . ikkje Vyrdnad for
sin eigin Får dessmeir . . . Gud veit korleis han enno
kann halde fast paa si kristne Tru. — Dei kallar det
Fridom, Humanitet; men det er ikkje det; det er Hat,
Eiter, vondt Blod ... dei vil rive av seg alle Band,
som Balle segjer, gjera Uppreist . . . Uppreist mot alt
som er fagert og godt, mot Gud, mot Trui . . . Hm!
Byggje Staten, heile Jordlive, paa heidin Grunn! Skilja
Lag med Kristindomen, kaste Kyrkja ifraa seg som
gamalt Skrap . . , Det er forskræmelegt! Og den frie
Elsken . . . den frie Tanken . . . Kristindomen ut or
Barneskulen — nei! det er Fienden sjølv, som rasar.
Fridomstankane i mi Tid, dei var ikkje slik. Dei var
varme og fagre. Der var Hjarta i deim; dei gjorde
oss gode og glade." Han skok seg, liksom til aa riste
Kaldtokken av seg. Skulde ein tegja til slikt? Skulde
ein rolegt sjaa paa at denne vonde Aand aat seg inn
i Folke? . . . eller skulde ein som ein Guds Svein
lyfte Orde og Anden sitt Sverd mot denne forgiftige
Basilisken? — Han las i Bibelen og i Luther. So
stod han upp att og gjekk. Klokka slog, Time etter
Time; den gamle Mannen høyrde ikkje Klokka. Han
tenkte paa det store Andsvare. Var det ikkje aa
vanhelge Guds Hus og den heilage Stolen, dersom han
drog Dagsens Staak og Strid derinn? Var ikkje han
sett til aa vaka yvi Orde og Lærdomen, men ikkje til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free