- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
13

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

13 EIN FRITENKJAR



aa vera Domar i denne Heimsens Tvistemaal? — Men
Fenaaren, Kyrkjefolke, den Kristi Brud som han skulde
vakte, men som stod midt i ei vond Verd og tok Skade
paa Sjæli, naar slike vonde Gustar bles? Skulde ikkje
kvar Sjæl paa Domsdagen bli kravd av hans Hand?
Og var den ein god Hyrding, som vel heldt Vakt mot
Vargen, naar Vargen kom farande i sin rette Ham, men
lét Augo att og tagde, naar han kom klædd i Sauepels
og létst vera av det gode? — Han las paa nytt i
Luther. Tilslutt lagde han seg paa Kne og bad; bad lengi.
Han slutta med eit varmt, inderlegt „Fader vaar".

So stod han upp liksom forløyst, saag audmjukt mot
Himilen og sagde: „som du vil, Herre!" Han sette
seg i Armstolen, trøytt men glad; so fekk han ein litin
Blunder. Men snart graana Dagen i Aust, og han
vakna. Han gjorde Morgonbøn for seg sjølv, tok so
for seg Teksti og tenkte paa Preika. Daa det tok til
aa ringje gjekk han aat Kyrkja. Han var bleik, men
roleg og mild. Bøndane saag paa han og helsa,
djupare enn vanleg. Prestkona og Ragna kom ei Stund
etterpaa; Hans og Eystein kom ikkje ti! Kyrkja fyrr
Presten stod paa Stolen.

Jolepreika var eldfull og god. Han tala um
Engle-songen „Fred paa Jordi". Dei hadde sjeldan høyrt den
Gamle so gild. Men til Slutt kom ei Røde som vekte
ymis Undring.

„Kjære Kristne," sagde han, „korleis er det i vaare
Dagar med Freden paa Jordi? — Aa, mine Brørar, me
veit det altfor vel. Freden er burte fraa oss; han er
kvorvin, liksom ei fager Kveldsky. Vonde Magtir rører
seg i Tidi. Djevelen er ute og freistar paa nytt Lag
Mannen til aa eta av Kunnskapstrée og rive seg laus
ifraa Gud. Agta deg, agta deg, kjære Bror! Agta deg
for dei falske Profetar, som forkynner eit nytt
Evangelium og lovar deg „Fridom" og „Upplysning" og alt
godt, ja lovar deg Gudeverd og Velde, naar du berre
vil eta av det bannlyste Tre! Dei gjev seg ut for

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free