- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
17

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

25 EIN FRITENKJAR



takke for all denne gode Maten. Var ikkje
Kristin-domen, so var ikkje Kulturen, ser De; og var ikkje
Kulturen, so var ikkje Hanna Vinsnes’s Kokebok, og
var ikkje den, so gjekk me vel her og klavra og kleiv
i Berg og Bakkar og aat Blaabær og Bork liksom i
Gullalderen. Ja er det ikkje sant som eg segjer,
kanskje?"

Der vart Laatt og Prat Borde rundt. Hauk blinka
til Futen, lyfte Glase og kviskra „vive la culture!"
burt til ’n. Futen nikka og drakk. „Ja ja!" sa han,
„d’er som eg segjer, det er som eg segjer . . ."

„Ja — hm!" tok no ein av Storbøndane i, „eg
meiner der er noko i det som Futen her hev sagt.
Her maa vera Orden i Lande; og skal me hava
Orden, so maa me hava Kristindom; for misste me
Kristin-domen, so vilde heile denne raae og agalause Mugen
reise seg, og so var det ute med baade Lov og Rett.
Det vart reint raadlaust aa Hva paa den Maaten. Eg
vil berre segja liksom naar Husmennane vilde gjera
Uppreist mot Gardmennane ..."

„Javisst!" skreik Futen, ,,dé gjekk fraa Gard og
Grunn alle Mann! Høyrer De, Herr Student? Sjølve
Aasrud med sin simple Menneskeforstand skynar dette!"

Hauk nikka og lo.

Aasrud kjende seg Kar og heldt fram:

„Og dersom desse Husmennane og Radikalane fekk
Røysterett og kom paa Thinge, ja so Gud hjelpe baade
Prestar og Kristindom og Øverheit og all Ting! Det
vart reint som i den franske Revlusjonen, det. Eg
vil regtigt segja Presten Takk for dei gode Ordi han
sagde i Dag, og eg tenkjer flest alle vil vera med
paa dette."

„Husmannane og?" spurde Hauk.

„Hm —! ja ... Ja, dersom dei visste sin eigin
rette Bate — hm."

Hauk glytte uppaa Presten. Denne sat tagall og
høyrde paa, og saag ikkje lenger so glad ut. Stakkars

2 — Garborg. VI.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free