- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
28

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

28

EIN FRITENKJAR

Tankane för og kom som fljugande Fuglar. Den
eine gjorde henne varm, den andre gjorde henne kald.
Ho glytte bljugt inn i Spegilen. Var ho fager —?
Ho hadde sümetidir trutt det. Kunde han som hadde
set so mange —? Ho vart skamfull, torde ikkje sjaa
seg sjølv i Augo, men glytte upp paa Skakke —: var
ho fager? — Det gjekk som ein kald Styng gjenom
henne ... ho hadde i Grunnen trutt ho var fagrare.
Ho slog Augo upp og saag betre etter. Nei, — ho
var ikkje fager. Augo var for smaae, Munnen ikkje
fin nok, Andlite ikkje so aandfullt som det skulde vera;
ho saag i Grunnen styvi ut. Med det same saag ho
seg sjølv i Augo og vart uendeleg skamfull. Rømde
fraa Spegilen og seig ned i ein Sofa. Fy! dette var
stygt. Dersom han hadde set henne no, so hadde han
— han, som visste so godt aa gjera Narr av alle
Dame-Grillur og Dame-Lyte, aa, han hadde drepi henne
med eit Augnekast. Dessutan . . . han som hadde
set so mange ... so mange fagre og fine ... dei
fagraste og finaste i Verdi ... ho var berre ei simpel
Prestedotter fraa Lande ... og stygg attpaa ... at
ho kunde innbille seg . . .

Ho lurde seg so smaatt burtimot Spegilen att.
—Innbille seg slikt! det var ein Daarskap so umaateleg.
Lat meg sjaa vel etter kor stygg eg er, so kjem eg
vel av slike Tankar, tenkte ho og sukka. Glytte so
inn i Spegilen att, rædd, bljug. Hm, stygg ... aa
nei; ikkje nettupp stygg, men . . . Berre ho ikkje hadde
set so lite klok ut! Og dersom ho hadde havt det
Haare uppsett paa Folkevis! og ein finare Kjole . . .
Han som var van med aa sjaa dei finaste Klædningar
. . .Ja! den som hadde slik Stas som dei der ned
i Paris! — Men kannhende han brydde seg ikkje um
slikt? — Ja, men han var so fint klædd sjølv? — Ja,
men han hadde daa ikkje set ut som han undrast? —
Nei, men han var daa for fin til aa lata slikt koma
fram . . .

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free