- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
29

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

29 EIN FRITENKJAR



Tankane strøymde ustanseleg. Ho var uppi eit Kav
som ho aldri fyrr hadde kjent. Naar ho gaadde det,
skjemdest ho og vilde slaa Tankane fraa seg; men
Tankane braut seg ny Veg og reiv henne med paa
nytt. Ho hadde eit langt, langt Ordkast med seg sjølv,
um det var rimelegt eller urimelegt at han brydde seg
um henne. Det var urimelegt, — reint urimelegt;
men lengst inne hadde ho likevel ei løynleg Von, som
ho dulde for seg sjølv so godt ho kunde. No sette ho
seg fyri at ho vilde vera kald og roleg og klok.
Gudskelov, at ingin visste noko; og ingin skulde faa vita
noko heller. Slike Ting fekk ein gøyme og . . . ja,
det var nok best . . . gløyme.

I det same kom Hans. „Er du her?" sagde han.
„Kor kann du finne paa aa gøyme deg av soleis no,
me hev Framandfolk? Kom no og ver med paa ei
Utgonge. Hauk vil sjaa Landskape i Maaneskin —
ha! ha! Romantiken er seig! — og me lyt vera med
og halde Lag. Kom no!" — „Ja ja, eg kjem," sagde
ho; Hans høyrde at ho dirra i Maale. Han gjorde eit
Kast paa seg, lo høgt, og flaug. Ho stellte seg, snøgt,
med skjelvande Hendar. Tenkje kunde ho ikkje. Ho
visste berre det, at ho skulde faa sjaa Hauk og høyre
honom tala.

— Dei gjekk Vegen burt-etter inn gjenom Skogen.
Der var so stilt og lett. Alle Greinir og Kvistir var
klædde i fjørlett kvit Mjell; dei saag ut som bygde av
Ljos. Maaneskine braut seg vent og sylvglitrande i
alle dei Millionar av Is-pilir, som laag straadde som
Dogg yvi Barnaaline. Det var frisk, god Frostluft.
Vegen var uppkøyrd og glatt og laag glinsande kvit
burtgjenom Skogen i smaae Bakkedrag. Her var i
Grunnen vent. Men Hauk saag det ikkje. Og Ragna
saag det ikkje heller.

Hans var den einaste som tala. Og han var den
einaste som høyrde paa og. Dei tvo andre hadde nok
med seg sjølve. Hauk gjekk og glytte burtpaa Ragna

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free