- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
56

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

56

EIN FRITENKJAR

ein rask litin Gjentunge, glad og lett som ein Sporv;
av Andlit var ho som Folk flest, men hadde slikt eit
greidt, tekkjelegt Lag. Hauk gav seg i Prat med henne
og totte det var Moro. Dei aalvorsame Tankane kvarv
burt som Skuggar naar ho snakka; for Milla var so
hjarteleg tankelaus. Aldri i sine Dagar hadde ho havt
ei Sorg, so vidt som han kunde forstaa; ho var som
den unge Fuglen som sit høgt upp-i Tretoppen sin og
lær aat heile Verdi. Det vart lite av med Lesningi
etter denne Kvelden. Hauk totte det var meir Moro
aa prata, og det totte nok ho med. Dei raaka
kvarandre ofte, og kom godt til Lags. Hauk tenkte med
seg, at kanskje hadde han her funni den Trøystaren
som skulde syngje hans Sorg i Ro. Ho var so
barnsleg og rein; og so skulde ho daa visst ikkje plaage
han med Trui. For etter alt det han kunde forstaa
trudde ho ikkje meir enn ein Kattunge.

Dette gjekk til ei Tid. Men so kom den usæle
Stundi daa Glansen gjekk av denne Venskapen med.
Hauk visste ikkje kven som hadde Skuldi; han visste
berre at den „barnslege" og „reine" Gjenta ikkje var
likare enn andre av det Slage. Og sidan hadde ho
vist seg baade mindre tankelaus og mindre barnsleg
enn fyrr. Ho bad han um so mykje no; Hauk
fekk stundom ei Kjendsle av, at ho gjorde seg ei
Forre tn in g av denne „Venskapen". Og dertil kom ein
annan Ting. Han fekk ein Dag høyre, at naar ho tok
det so lett med desse Ting som ho gjorde, so var det
i Tillit til hans Tru. Ho meinte ho kunde vera trygg
for Straff naar der ingin Vaarherre var; og der var
ingin Vaarherre, naar ein Mann som Eystein ikkje
trudde paa han. Dette vart mest verre enn alt.
Og no vilde det arme Menneskje alt i eitt hava Hauk
til aa forsikre henne um at der ingin Vaarherre var.
Hauk vilde vride seg unda; han sagde at dette var
Ting som me ikkje visste noko um; men Milla var
ikkje nøgd med det. Ho vilde vita det visst. Hauk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0064.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free