- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
66

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

66

EIN FRITENKJAR

sjølv." — Dette Breve gjorde ikkje godt; og Hauk
hadde halvt um halvt sendt det i den Trui at no var
alt ute. Presten freista aa telja Ragna ifraa endaa ein
Gong. Men alt han sagde visste ho aa svara paa so
klaart og fast, at han ingin Veg kom. Han gav seg
sistpaa yvi. „Du fær gjera som du vil," sagde han;
„men min Vilje hev du ikkje, og eg vil inkje Andsvar
hava." Ho leid grøteleg under dette, men stod fast.
Og ho fekk Hjelp av Mor si, som saag kor hardt ho
trong um Kjærleik og mild Studning i denne tunge
Striden.

Ho skreiv til Hauk: „Det var ikkje med min Vilje
at du fekk det Breve fraa Far. Eg er di, for eg kann
ikkje vera anna; um eg skulde lide alt vondt vil eg
fylgje deg. Eg kann ikkje setja upp Vilkaar; eg vilde
skjemmast av det, og det vilde ikkje nytte. Eg trur
paa deg; det er alt eg kann segja. Dei segjer for
meg at du er Fritenkjar. Um so er vil eg beda for
deg; og det maa du tru, at den som elskar som eg,
ho kann beda. Eg gjer Far min svært imot med
dette. Gud forlate meg det; for eg kann ikkje anna.
Men han held meg i Grunnen ikkje lenger for Barn,
og i dette kann eg ikkje lengi halde ut. Og det er
det einaste Vilkaare eg set. Men eg legg alt i dine
Hendar."–-

No var Hauk sæl. Han var so sæl at han kjende
Hug til aa ofre henne alt. Ho var meir verd enn
all Verdsens Tankar; ho var Live. Skulde han tenkje
seg ein Guddom, maatte det vera noko sovori som ho.
Og den som i Elskhug aatte ei slik, han var i
Livs-samband med det høgste. Det var Kvinna som bar
Livsens forunderlege Løyndom, den store Livsgaata,
Upphave til all Glede og all Sorg, og det var ho som
aatte Magti paa denne Jord yvi kvar Manns Hug og
Hjarta. Kvinna var Kjærleik; og Kjærleiken var Gud;
men Gud var Sanningi og Live. Han gjekk der i si
Hjartans Sæle og bygde seg upp ein heil Filosofi eller

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0074.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free