- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
67

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

67 EIN FRITENKJAR



Religion um dette. Men daa han fortalde sine Tankar til
Kandidat Breide svara denne stutt og beint, at han var
galin.

„Veit du ikkje det, din General-Tosk," sagde han,
„at Huldri hev Hale? Det Kvinnfolke du i Dag gjer
til Gud, held du um eit halvt Aar for ei Gaas. Lat
Daarane gifte seg, Gut! kom du og ver vis!" „Takk!"
sagde Hauk, „eg held meg til Daarane." „Snakk,"
sagde Breide, „du skynar meg ikkje. At du held det
Kvinnfolke der uppe for eit Ideal, det er vel nok; det
er ikkje det eg hev imot; for det er alltid godt aa hava
eit Ideal i denne Verdi; men Daarskapen er at du vil
gifte deg med Ideale!" — „Eg held meg tii Daarskapen,"
smilte Hauk sæl. „Gifte deg med Gaasi!" Hauk
berre lo. -— „Og dersom no Vaarherre velsignar Gaasi
med . . . Etterkomarar, kor gjeng det so?" „Aa, me
kjem nok ut av det." „Ut av det? — Ja ut av baade
det og alt. Høyr no her, min høgvyrde Herr Idiot.
Gift deg for meg so lengi du vil: men gjenom det
Ægteskape kjem du til aa surre deg fast med tusund
Reip til den gamle riktande, rotne Samfundsmaskinen;
og den kjem til aa rive deg og slite deg med sine
tusund Tennar, til du heng der og dinglar som ein
skotin Kobbe og er ubrukeleg til alt. Dette er Aalvor;
og du skal ein Gong sanne mine Ord. Farvel! God
Moro millom Daarane!"

Hauk var so glad at han knapt nok forstod slike
vonde Spaadomar. Han skreiv eit eldfullt Brev til
Ragna og takka henne med brennande Ord for ho
hadde gjort han so sæl, og so glad i Live. „Og
no fer eg straks heim og steller til Brudlaups. For di
Skuld, og for Far og Mor med, tek eg kyrkjeleg Vigsle;
men du veit det er ikkje den, me byggjer vaart
Ægte-skap paa. Vaar eigin Elskhug er det einaste
Grunnlage som her hev Rett og Sanning; og eg meiner det
Grunnlage ska! halde ut." —

Dette Breve gav Ragna Vissa paa, at Hauk var Fri-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0075.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free