- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
84

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

84

EIN FRITENKJAR

han kunde og hadde Samvitsverk som ein Syndar.
Ragna saag kor som til stod ; og tidt og ofte sat ho
bøygd yvi Vogga og grét.

Ein Dag var Guten ikkje frisk. Det hadde inginting
paa seg, men likevel sveiv det henne som eit vondt
Hugbod: enn um han døydde i Natt? — Denne Tanken
skræmde henne so upp, at ho sette seg fyri aa tala
til Hauk strakst, anten so det skulde bera eller breste.
Her galdt det meir enn baade Liv og Lykke; her fekk
det vera som det kunde med alle andre Ting.

Og same Dagen, ved Middagsborde, kom ho med
det. Hauk vreid seg, men var likevel glad for at
Stundi endeleg var komi. No galdt det aa vera sterk;
no galdt det aa faa heil Uppgjerd.

Han sat og tenkte ei Stund; so sagde han: „fyrr
eg kann svara deg paa det du her spyrr um, maa eg
vita ein Ting. Trur du eg hev Samvit, Ragna?"

Spursmaale kom so braadt og so aalvorsamt, at ho
stokk av det. „Ja det maa eg vel tru?" sagde ho.

„Trur du daa, at det finst Ting som eg for mitt
Samvit ikkje kann gjera? Eller trur du, at daa
eg ikkje trur paa det du trur, so er eg ein
moral-laus Mann, so det kann vera meg sliks Slag anten eg
fer so eller so?"

No raudna ho. 1 Grunnen var det ikkje fritt for
at ho hadde tenkt noko slikt. „Den som var utan
Gud var utan Andsvar," hadde ho lært; og det hadde
ho i Grunnen trutt. Men no vart ho reint skamfull
yvi denne Tanken.

„Trur du," tok Hauk atti, „at eg er ein ærleg Mann
som trur paa mitt liksom du paa ditt, og at eg er
moralsk bundin til mi Tru liksom du til di? Eller trur
du at eg er ein Gap, som hev slengt mi gamle
Tru fraa meg av di eg var leid av aa liva under
moralsk Tukt, og som no ikkje kjenner meg bundin
til noko, men liver andsvarslaus og tankelaus etter
som Hugen snur, liksom Villmannen i Skogen?"

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0092.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free