- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
86

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

86

EIN FRITENKJAR

Endeleg sagde han:

„Min Tanke um denne Saki hev vori den, at me
burde vente med Daap og dei Ting, til dess Guten var so
vaksin at han kunde velja sjølv. Kva Rett hev me
til aa taka denne sovande Sjæli og binde henne fast
til ei viss Tru, um so denne Trui var den sannaste
av alle? Eg vilde knapt vaage det um eg var kristin
. . . Guten sjølv er den einaste som hev Rett til aa
avgjera kva han skal tru og tenkje; lat honom vente
til han kjem so langt at han kann velja her; det hastar
ikkje fyrr, og so tek han sjølv Andsvare for Avgjerdi."

Ragna sat med Andlite i Hendane og tagde. Hauk
heldt fram, bedande og mildt.

„Barnedaapen er ikkje fyrisagd i Bibelen dessmeir,"
sagde han; „og han strider etter mi Meining likso vel
mot Kristi Tanke som mot Mannatanken elles. Kristus
vilde ikkje Ufridom; han tok ikkje imot Trælar.
Barnedaapen er ei Sjæle-Ofring, uppkomi i den Tidi daa
Kyrkja var alt, Mannens Fridom inginting, daa
det galdt meir um at Kyrkja kunde hava Hals og Hand
yvi kvar livande Kryp, enn det galdt um ærleg Tru
og sann Kristindom. Lat Guten vekse upp fri! Lat
oss ikkje binde honom korkje til det eine eller det andre!
Lat honom lære aa kjenne baade di Tru og mine
Tankar; og naar han daa er til Vits komin, so lat honom
velja sjølv etter si Hjartans Trong! So vert der
Sanning i Avgjerdi, Fridom og Manns Vilje i Vale. Tenk
paa dette, kjære. Du maa tru det er ikkje med god
Hug eg segjer deg imot her; men — eg kann ikkje
vera med paa det eg sjølv held for Urett."

Han saag paa henne med vaate Augo; ho tagde og
rørde seg ikkje. So stod han upp og gjekk. Ragna
sat etter og tenkte; men det gjekk i Vase for henne alt.
Det var som Grunnen gleid undan henne, kvar ho vilde
feste Fot. Ho minntest paa nytt Far sin og dei varslande
Ordi hans. „Eg dreiv min Vilje fram mot hans," tenkte
ho; „no sit eg her raadlaus og aaleine og fær Straffi."

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free