- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
114

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

AV LAAK ÆTT 122

glo paa han; kaldflire. Den Utbygdingen! „Slike vil
me kje vita av i godt Lag!" — Leiv sveita der han
stod; kaldsveita. Det gjekk som Styngir gjenom han,
naar han høyrde Rop eller Gjentelaatt. Det var visst
ingin her som sakna Leiv Hegglid.

Best som det var høyrde han Stig attum seg. Det
var vel Folk som skulde i Lage. Tri Karar kom
gangande; var ikkje langt ifraa han snart. Kvar skulde
han no gjera av seg? Han krylte seg ihop og gjorde seg
so litin han kunde; men dei berre smaalo og sette
beint paa han. „Kva er du for ein?" sagde dei. Leiv
tagde; vende seg; gav den eine av deim eit Drag under
Øyra so han valt; so vilde han røme; dei tvo andre
hengde seg i han, og det vart Roping og Staak; daa
vart Leiv seg sjølv att.

Naar det spurdest um Magt ræddast han ikkje; og
desse Karane skulde han nok koma ifraa. Med ein
kvass Rykk reiv han seg laus; men dei fekk Tak paa
han att, og det vart eit dundrande Basketak. Best
som det var fekk den eine Foten undan Leiv, so han datt
aalveltes.

Folk var komne ut fraa Lage og stod og glodde og
undrast; eit Par flaug til og vilde faa Greide paa kva
som tids var; den eine av desse var Lars. Han
undrast daa han saag Leiv; „nei men det var daa
nyfiki aa sjaa deg!" sa han; „koss ber dette til?
Statt likso godt upp, Kar, og ver med inn; slaast kann
de gjera sidan, naar de vert fulle." Lars lo; Folk lo
med; Leiv vart so fegin av aa finne ein Kjenning, at
han lét Slagsmaale fara endaa han hadde tapt; han gav
seg i Lag med Lars, og det bar aat Dansestogo. Sume
glodde og sume lo; alle var forvitne. „Du vert fagna
som ein Storkar du," lo Lars; „velkomin til Lage!"

Dei stod i Dansestogo. Leiv rette seg upp i si fulle
Høgd og saag stivt ikring seg med store blanke Augo.
Han var høgare enn dei fleste og herdebreid, fast
vaksin som ei Eik; Bringa steig sterk fram under den

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0122.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free