- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
179

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

180 SELD TIL DEN VONDE

179

var so likevel ein Lausunge og kom vandt til Himils
kor som var.

Ho reiv ei Naal or Barmen; stakk seg djupt i
Veslefingeren; tok fram Salmeboki og reiv ut det kvite
Bladet framme, der Name hennar stod, og Aare daa
ho var fødd til denne syndige Verdi; ho skalv; lo;
sette seg; tok eit fint Straa og klora med lange
uleselege Bokstavar:

„Eg gjev deg Lucifer min fyrstefødde, naar han er
18 Aar, dersom du hjelper meg til aa faa min Vilje

tram" Gunhild Nielsdotter."

Ho tenkte ikkje lenger, berre lo, lo; sette til Sprangs
aat Kyrkja; tulla Setelen ihop og stakk han inn under
Kyrkjedøri; no var det gjort! no hadde ho Hemn. Kor
han vilde pinast naar han fekk vita det! Kor han
vilde lide! Henne var han likesæl um; men sitt eigi
Barn —! Ville Tanker flimra og flaug igjenom henne,
sjuk som ho var; ho høyrde døyvd Laatt og underlege
Rop rundt i Lidine; dei daude stod upp or Greftine
sine i lange Lakan og vitta og veifta og mulla med
sine kjøtlause Kjakar; ho sette til Sprangs utan
Samling og Sans; sprang som for Live yvi Stokk og Stein;
og Draugane kom etter i kvit Flokk, veiftande,
hotande . . .

II.

Baard Baardsson heitte den vesle Armingen som var
seld til den Vonde fyrr han vart fødd. Og det var Mori
sjølv som hadde gjevi Guten Namn; ho hadde havt
sine Tankar med det. —

— Baard Baardsson voks upp i ein Utkant av Byen
og hadde korkje Far eller Mor. Ei Kjering som dei
kalla Mor Judit fostra han; og Guten kalla henne
Mor, av di han høyrde andre gjorde det. „Men rette

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0187.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free