Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
180 SELD TIL DEN VONDE
181
au. Naar ho var heime og hadde ei Stund fri, so
hende det ofte at ho tok ei Flaske ut or eit Skaap;
sette seg lognt til rettes inn med Borde; slo uppi eit
Glas og drakk — „det letta for Bringa," sagde ho—;
og daa kom ho alltid i eit framifraa Godlag. Ho prata
og lo og fortalde Sogur, og heldt eit Himils Staak med
Baard, som totte dette stod vel til. Men rett som det
var gav ho Ungen ein Draape med seg av Flaska si.
„Drikk, Tullingen, so vert du sterk!" sagde ho. Baard
drakk, men frynte fælt; Mor Judit lo. Og daa Baard
forstod at det var eit Karsstykkje dette, so gjorde han
det upp att oftare, alt um det reiv i Halsen. Sistpaa
vart han so ram etter Flaska at han bad um
Brennevin som andre Ungar bed um Sukker. Mor Judit lo
og totte det var fælt so klok som den Guten var.
Og han fekk ofte det han bad um. Men ein Gong
hadde han krabba upp og funni Flaska sjølv; og daa
tok han til seg so mykje at han vart sjuk av det.
Fraa den Dagen var det Stans ei lang Tid med Flaska;
men dette var og ein av dei Ting som feste seg i
Minne hjaa Guten.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>