- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
189

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

180 SELD TIL DEN VONDE

189

Ho gjekk umbord i eit Skip og drog paa Heimveg.
Og hadde dragande Lengt og skjelvande Uro kunna
fylle eit Segl, so hadde ho snart vori framme; men
dei fekk skral Vind. Stundom Motvind. Gunhild tok
sistpaa den Tanken, at det var den Vonde som vilde
hindre henne i aa koma fram; han forstod vel kva ho
tenkte paa.

No var ho framme. Men Guten som ho lengta etter
so saart, Guten kom ikkje. Den eine Tanken vakna i
henne fælare enn den andre; iser tok ho til aa fæle
fyri, at den Vonde kunde ha fengi Rett til aa taka sitt

fyri Tidi, av di ho tenkte paa Svik.

*



Det var komin ein ung Prest til Byen som Folk
hadde stor Tiitru til. Han heitte Herr Olaus, og var
ein bleik, mager Mann med tunnt raudt Skjegg og
trong, sterkbygd Panne. Dei sagde at han var
strengare i mangt enn dei eldre Prestane, og fælt klok.
Han hadde vori Prest i ei Landsbygd; og der hadde
han vist at han var likso vel heime i Svarteboki som
i Bibelen. Det hadde spøkt i Prestegarden — det var
ei lang Sogu um det: Banking paa Dørir og Vindaugo
um Natti; Ramling og Uleven i Troppir og Gangar —;
men han hadde med ein einaste Gong fengi det stilt.
Han hadde lesi heile Djevelskapen ned i Jordi paa
mindre enn ein Time. Det var daa rimelegt at Folk
saag med Age paa denne Mannen.

Gunhild høyrde gjeti Herr Olaus og gjekk til han.
Herr Olaus tok imot henne med stort Aalvor; det saag
ut til at han visste um henne. „Du hev visst Syndir
paa deg, du?" sagde han.

Ho svara at Syndine sine vilde ho helst gjøyme til
Skriftestolen; men det var ein annan Ting ho gjerne
vilde spyrja Presten um, so sant ho fekk Lov. Det var
det, um Presten trudde at ... at det lét seg gjera . . .
ja . . . Presten laut orsaka um ho spurde noko beint-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0197.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free