- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
204

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

180

SELD TIL DEN VONDE 204

tryggare, det, totte ho, helst paa slik ein Uvérsdag som
denne. Baard tenkte det same og sat. Men strakst
etter fann han at inne var likso utrygt. Ein
Ljon-straale kunde koma sprettande og sprakande og sløkkje
han ut som eit Ljos; Stormen kunde auke paa og taka
med seg Huse. Og det verste av alt: det hadde hendt
at friske, sterke Folk seig daude ned der dei sat; og
ingin visste kva dei døydde av. Han gøymde Andlite
i Hendane. Gong etter Gong spurde han Anna um
han kunde koma inn til Mor si. Anna riste paa
Ho-vude. „Ho vert meir og meir ør." „Kva talar ho
um?" spurde Baard. „Eg skynar det ikkje," sagde
Anna; „det er so fælt. Det er Vitløyse. Aa, Baard,
eg trur det er vonde Draumar og Innbillningar alt
ihop!" I det same høyrde dei Skrik derinne. Dei
skvatt upp og lydde. „Baard! Baard!" høyrdest det
jamrande fraa Mori; — han inn. Anna vart
standande som fortrolla; ho rette seg fram og lydde med
Augo og Øyro, med den opne Munnen som ikkje torde
ande; men inkje var høyrande. Det kom burt i
Kviskring, i Graat, i Stynjing og Bøn, i Jammer . . . Herre
Gud, kva kunde det vera. Og det varde so lengi.
Det vart aldri slutt. Stundom stansa det; og Anna
høyrde kor Baard mana paa, i aukande Uro, meir og
meir utöllegt. Det var nok slikt som ikkje rett lét seg
fortelja . . . Endeleg døydde det av i laag Kviskring;
so braut det upp att i rædde Rop: „Nei!" „Nei!" „Seg
det! seg det!" bad Baard; „lat det vera so vondt det
vera vil; eg maa vita det!" — „Nei, eg kann ikkje!
Gakk ifraa meg!" ropa Mori. „No gjeng eg ikkje
fyrr eg fær vita det," svara Baard; Mæle hans lyddest
so strengt at Anna skalv ved det. So vart det stilt
ei Stund. Daa sette Baard i og skreik. Eit langt
vitlaust Skrik; Anna kunde ikkje vente lenger; der inne
var i denne Stundi Domen hennar sagd; ho sjaka inn
med skjelvande Kne; Barmen kjøvdest av Fælske. Og
der stod Baard; med Hendane i Haare; stirande, bleik,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0212.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free