- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
205

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

180 SELD TIL DEN VONDE

205

raadde liksom ikkje med seg; men Mori laag nedgravi
mellem Høgjend og Lakan og skalv, so det saag ut
som Sinedraatt. Anna kava med aa faa upp Mæle men
kunde ikkje; ho snikte seg burt til Baard og nappa han
i Armen og kviskra: „kva er det?" Daa vektest han;
skar i med ein stygg Laatt og svara: „eg er seld til
den Vonde!"

Anna seig i Kne framfor han ; ho trudde ikkje sine
eigne Øyro; „kjære, seg ikkje slikt; du meiner det ikkje;
du veit det er ikkje sant! Kva vondt hev du gjort, at
slikt skulde hende?" — Det var som det grét i han;
og han svara med eit Mæle ho ikkje kjende: „Mor
mi selde meg fyrr eg vart fødd!"

Anna stod raadlaus. Det svimra og svartna for
henne. Ho sprang burt til Sengi, treiv Gunhild i
Armen: „det er Lygn! slikt hender ikkje! det er Lygn!"
Men Gunhild slo upp eit Par Augo so fulle av
Jammer og Pine som ho alt var fordømd. Og ho sagde
til henne: „kann du no frelse han, du Guds Engel, so
gjer det; for eg hev gjort som han segjer; og Tidi er
ute i denne Natt!"

*



„Gakk til Presten, den unge Presten," hadde Mori
sagt. Her var ikkje anna aa gjera.

Baard kjende seg ikkje sjølv; han var vortin ein
annan. Dette aa vera seld; aa ikkje eige seg sjølv;
vera utan Rett og utan Vilje liksom ein Ting, so naar
Eigaren kom so laut ein fylgje liksom Sauen som gjeng
paa Vollen og ét grønt Gras og er glad, og so kjem
Slagtaren ! Um ei liti Stund vil Jordi klovne; og lange
kvasse Kløar vil koma krøkjande . . .

Baard flaug gjenom Stormen som ein skræmd Fugl.
Og han kom stupande inn paa Prestekantore med Augo
i Haargarden og gapande Munn: „frels meg, Prest!"
Presten skvatt upp; Mannen maatte vera galin. Men
so fekk han vita at det var Baard, Son aat den bleike

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0213.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free