- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
206

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

180

SELD TIL DEN VONDE 206

Frua. Og han liksom nikka til seg sjølv: endeleg
kjem han.

Han fekk Baard so vidt til Ro at han kunde tala.
Og so tok Baard til aa fortelja. „Men det eg her
fortel," sagde han, „maa ingin vita!" „Det du skriftar
for meg," sagde Presten, „fær ingen vita utan Gud."
„Um det so var det verste av alt?" — „Um det var
verre enn det verste."

Og Baard fortalde. Men med ein Gong flaug han
upp. „Her er ikkje Tid til langt Drøs; seg meg, Prest,
kan du mana den Vonde?"

„Du veit ikkje kva du snakkar no," sagde Presten.
„Jau dessverre," svara Baard. „Idag, i denne Kveld
kjem han og vil hava meg; for han eig meg; han hev
kaupt meg ..." „Hev du, som er saa ung —?"
„Ikkje eg, men andre! andre hev selt meg!" — „Andre?
Kven andre kunde selja deg?" spurde Presten forbina.
Baard léts ikkje høyre.

„No vil eg spyrja deg," heldt han fram, „gjeld
den Handelen? Hadde andre Rett til aa gjera slikt
med meg?" — „Retten skal me ikkje tala um," sagde
Presten. „Men um Handelen gjeld, det stend paa kven
desse andre var." „Det var . . . men er det visst
at ingin fær vita det?" — „Tvilar du?" — „Aa nei;
det er sant ... Ja, det var . . . det var Mor mi."

Presten glodde. Var slikt Raad. Kunde eit Kvende
koma so langt? Kunde ei Mor selja sitt eigi Barn ? Stod
det ikkje skrivi, at det er Uraad at ei Mor kann
forgløyme Barne sitt? I Sanning; Mannahjarta var ein
fæl og forskræmeleg Ting, fullt av stygge Gaatur og
Løyndomar, mett med ugudelege Hugdrag og djevelske
Lystir; men slikt hadde han endaa ikkje tenkt.
„Fortel," sagde han til Baard. „Er dette sant, so maa det
vera ei syrgjeleg Sogu. Fortel alt og gjev deg Tid;
um den Vonde kjem, so kjem han ikkje utan ved
Midnatt."

Baard vart rolegere og tok til aa fortelja. Han for-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0214.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free