- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
248

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Sjø.

KLOKKA var fem Minuttar yvi tolv; og Klokka halv
eitt skulde han aat Jordi. Eg kunde daa sitja
litegrand enno.

Ute var det søylut og stygt, ein huglaus, skitin
Kristiania-Kvardag; det var elles den Iste Februar.
Min gode Vén Bladstyraren og eg sat godt der me sat;
Kaffistogo var logn og varm, Sherryen ikkje verst, og
Samtale-Emne hadde me i Nøgd, med di me hadde
Situasjonen.

Men Situasjonen var den, at det nyvalde Storthinge
skulde bli opna i Dag Kl. 1, av Kong Oskar den 2dre
sjølv, og at dette Thinge vilde faa store Spursmaal aa
avgjera.

Bladstyraren stod paa at han visste kva Trontala
skulde innehalde. Ho skulde innehalde inginting. Men
i Røyndi var me orventne. Ein kunde aldri for vel
vita kva Selmers Regjering kunde finne paa. Tenk
um ho skulde finne paa aa segja nokre valde Ord med
Tilføre av dei 83 Niandejuni-Mennane, som Folke
hadde vori so skjemtesamt aa sende ho paa Nakken!
Det var nok visst at ho ikkje gjorde det. Men um
det endaa skulde hende!

Det rette Storspursmaale var elles eit anna og meir
vigtigt. Vilde Odelsthinge setja Riksrett?

or ven tin: i sterk Spaning.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0256.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free