- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
262

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

262

SJØ

Ende". Dei song med halvt attlatin Munn; og Tenoren
var sped og Bassen veik; men Millomrøysti var sterk
og tuta i Einingi paa Dominanten. So kasta Presten
dei tri Spadane Jord paa Kista og tiltala den daude
etter Rituale. Me andre var med i Høgtidi paa den
Maaten at me fleire Gongir tok Hattane vaare av oss
og heldt deim for Augo; eg veit ikkje um nokon av
oss visste kvifor me gjorde det. Eit lite Stykke ifraa
Flokken og Gravi stod tvo unge Kvende; den eine av
deim studde seg upp til den andre og grét saart. —

— Der laag han. Han hadde ikkje fengi sétt noko
av den Framtidi han hadde drøymt um; men han var
ferdug. For sitt eigi Liv var han vortin ille snytt.
Men kva var der aa segja ? Der var inkje aa segja.

Der var ikkje nokon som sagde noko heller. Under
andre Tilhøve hadde det visst vori ein eller annan
som hadde havt Hug til aa segja den burtfarne eit Ord
til Avskil, ein Takk, eit Velfar, fraa deim som kjende
han, fraa Vénir og fraa Lagsmennar, kannhende
jamvel fraa Lande som so kaldt hadde teki mot
Kjærleiken hans. Men i Dag hadde me den store politiske
Situasjonen. Og det viste seg, til aalmenn Undring,
at Klokka var berre nokre Minuttar yvi eitt. Dreiv
me paa med Magt, kunde me enno kannhende faa sjaa
ein Snipp av Opningsstasen.

Me traava av Stad i fullt Flog.

Nede i Thorvald Meyers Gate saag me Sporvogni
koma ruslande, kravslaus og heimsleg, ikkje stort større
enn ei Fyrstikk-Øskje. Me vitta til ho; ho stana.

Der var ingin i Vogni. Me storma inn og fyllte ho.
„Køyr litt fort no," sagde me til Føraren. Han smilte
vedkjømeleg.

— Og so tok me til aa dryfte Situasjonen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0270.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free