- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
263

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Aarsfesten i Ungdomslage.

I Grunnen er Tilstandi her i Norig skipa paa beste
Maate fra gamalt av, so at alt kunde gaa godt,
berre me sjølve var som me skulde vera.

Men det er me ikkje alltid; og so hender det at
Verdi tek til aa gaa skakt for oss.

Daa vert det funni paa Aatgjerdir. Ein vyrd Penn
skriv i „Morgenbladet"; nokre vyrde Mennar sender
ut eit Upp-rop; eit Møte vert haldi, og det vert skipa
eit Lag. Paa Guds Ords Grunn vert det skipa, og i
kristeleg Ande; og Hs. Maj. Kongen er den høge
Lags-vorden. Sidan verkar Lage stillsamt til Velsigning;
og Verdi gjeng skakt som fyrr.

Millom anna hev dei gaatt etter at det ikkje alltid
gjeng som det skal med Ungkarane; dei kjem paa
Vill-vegar stundom. So hev dei steilt til Trygde-Lag
aat Ungkarane. Der er Unggut-Lage, og der er
kri-stelegt Samlag for Gutar, og der er Skipingar og
Sem-jingar med andre Namn. Alle desse Lagi verkar
stillsamt til Velsigning; og Ungkarane kjem paa Vill-vegar
som fyrr.

*



Ein Sundag i Fyrstningi av Juni, um Ettermiddagen,
skulde den evangeliske Ungdomssemjing hava Aarsfest.

Baade Moen og Tyrolaren skulde vera med; og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0271.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free