- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
287

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

DØY

287

„Hm. — Fyrste Gongen var eg ein Gut paa . . .
fire—fem Aar. Eg laag paa ein Aa-Kant . . . me budde
paa Lande daa ... og hivde Stein ut i Vatne. Der
var fullt av . . . Aure-Kjødu inn med Land. Heile
Flokkar stod der og gapte og glodde i det varme Vatne.
Eg hadde Moro av aa — hm — ’kræme dei. Men kor
det no bar til, hm: eit Grand etterpaa . . . laag eg
sjølv der ned-i Vatne. Og eg totte det var godt . . .
aa liggje der. Hm. Eg . . . laag paa Ryggen; glodde
beint upp i Himilen-hm; som gjenom eit blaatt Slør.
Men der var so blankt; og blaatt. Og Ljose der uppe,
hm; fælt vent, totte eg.

„Det vart meir og meir . . . lett ikring meg; og meir og
meir... ljozt. Og mjukt. Kvit Glanz. Og lett . . . liksom
eg laag i Luft, kvilde i Luft; mjuk, lett Luft... mild, blank,
uendeleg klaar; ingin annan Ting i Verdi . . . vilde eg
enn . . . liggje der og kvile. Hm."

„Aa! som det maa ha vori rart!"

„Hm. Uendeleg vidt saag eg, upp og ut . . . berre
demantblaa Himil . . . som kvitna burt i . . . Ljoz;
kvitt, kvitt, hm. Dirrande, gidrande kvitt Ljos, tett,
tett ... so heile Verdi vart til lysande kvit Taake.
Eit endelaust Hav; Sky-Hav ... av Luft og Ljos. Og
midt i dette Sky-Have laag eg og kvilde. Fælt godt."

Han kremta og tok seg ein Slurk av Vatsglase som
han hadde standande paa det vesle Borde attmed Stolen
sin; og eg, som sat der orventin og mest skalv av
Spaning, saag paa Augo hans at han tok til aa livne upp.

„Men var det ikkje vondt aa ikkje faa ande?"
spurde eg . . .

Han riste paa Hovude.

„Berre godt; berre godt. Eg kjende kje det. Var
berre so lett. Hm. Men inn-i denne kvite, klaare
Ljos-Skodda . . . tøygde det seg lange, lette Skuggar
av grønt og brunt; Halvskuggar; grøne Blokkur, lange
brune Greinir og Stylkir; reint tropiskt, hm; ein Skog
med Palmeblad og . . . Slyngvokstrar ... og Blomar,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0295.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free