- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
290

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

290

DØY

heile Lasse endaa ein Tome ... og endaa ein litin
Tome ... og vart standande."

Han geispa langt og djupt. Eg heldt meg med eit
Krampetak fast i Stolen.

,,Hm-hm. All Utveg var stengd. Millom Lasse og
Bru-Kanten var det so smalt, at Styvle-Tæane mine,
dei naadde fram-yvi, trur eg. Eg var komin med Ryggen
til Lasse, og hadde fengi ein litin linn Trykk i Aksline,
so eg stod og lutte . . . fram-yvi isgangen, med Armane
ut-rette . . . liksom hangande og vippande ... i den
aira siste Jamvigt ..."

„Uff, Morbror, du maa skunde deg—"

„Lasse kunde eg ikkje faa Tak i. Taumen hadde
eg slept. Rørde eg ei Hand, léda eg ein Muskel . . .
so gjekk eg aat Elvi utan Naade."

Han geispa. Fingrane rykte og rørde seg; han drakk
Vatn.

„— Daa saag eg Dauden i Augo.

„Hm. Eg visste, at i næste Augneblinken laag eg
der ned-millom Isen. Der, paa den Flekken, vilde eg
falle; ikkje midt i Kvervilen, men attmed; og der skulde
eg liggje i næste Andedrag . . . Jamvigti vilde alt til
aa slitne . . .

„Daa kom det ei Ro yvi meg. Eg augnefeste den
Flekken der eg skulde falle; gjorde meg kjend med
Flekken ... og med ein Gong saag han meg god og
mjuk ut. Det var som Elvi paa den Staden fekk Andlit
og Hugsvip. Ein roleg, god Hugsvip. Med liksom eit
stort dimt Auga saag ho upp-til meg arme Kryp, der
eg hekk og svimra paa Bru-Kanten ... og det var
som ho tala til meg: „kom, du; eg er kje so kald som
eg ser ut." Og det vart stilt i meg; Verdi gjekk upp
i Sus; eg var ferdug. Eg skulde koma; no kom eg.
Eg gav meg upp, og det vart liksom so trygt.

„Jamvigti tok til aa sleppe meg . . . daa kjende eg
millom Fingrane paa den vinstre Handi ... eit Straa."
— „Ah!" — „Hjah. — Ikkje den linnaste Draum hev

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0298.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free