- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
339

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Diktarbøn.

Til deg, du strenge Songmøy,
av Naudi eg ropar og bed;
det er daa du som ein Gong
hev gjort meg til Versesmed.

Ja høyr meg, du som ein Gong
til Versesmed hev meg gjort!
— for alle dei andre Gudar,
dei vyrder meg ikkje stort.

Alle dei andre Gudar,
dei lær aat mi Diktar-Sut.
Du høyre meg, høge Songmøy!
Eg er daa din eigin Gut.

Høyr meg, naar Hugen dovnar,
og Versi flyt seigt som Lim!
Send Ord meg som sprett og dansar,
og send meg gode Rim!

Tidt Ordi tek sig ut som
ein Borgar-Eksersis;
dei kann ikkje halde Lina,
men vinglar paa alle Vis.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0347.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free