- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
340

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

340

KVÆDE

Du lære dei Trolli danse
i lette Radir av Stad,
og Rimi aa smelle og klinge,
so det vert seljande Kvad!

Det er mi Bøn, du herlege!
den Bøni eg kvar Dag bed.
Høyr meg og hjelp meg, du som
hev gjort meg til Versesmed!

Høyr meg og hjelp meg, du som
til Versesmed hev meg gjort!
— for alle dei andre Gudar,
dei vyrder meg ikkje stort.

Sveinkall-Minne.

1. Ung Glede.

Aa, — daa eg er fraa alle Sutir fri!
So glad eg er at mest eg kunde graate;
det er so yvi Maal og yvi Maate:
at du er mi! du, du for all Tid mi!
vil fylgje meg igjenom Storm og Strid!
Aa seg meg ein Gong til det dyre Orde!
Aa, kjæraste, so sæl du no meg gjorde!

No ljosnar alt; no kjem den glade Tid;

no sprett og livnar alle, alle Blomar;

no vert det blaatt og blankt og Sol og Sumar;

for du er mi! Du, du for all Tid mi!

Vil fylgje meg igjenom Sut og Strid!

Aa seg meg ein Gong til det dyre Orde!

Aa, kjæraste, so sæl du no meg gjorde!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0348.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free