- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
94

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

94

Lyder Brun hadde fenge stempel av «liberal» teolog,
endå han aldri nekta noko av kristentrui. Det er verdt
å nemna at ein mann som Ludvig Hope då han eingong
høyrde Lyder Brun tala, sa beint ut: «Eg skal aldri tala
ille um Lyder Brun meir! hans kristne vitnemål er ekte
og fulltonande.» Eg veit det hev gjenge fleire sameleis
som det gjekk Hope.

Biskop Tandberg var kjend for å vera ortodoks og
konservativ teolog. Ingen kunde finna på å skulda han for
kjettarskap. Men no gjekk han stad og tala saman med
den liberale professor!

Tandberg var formann i styret for
Menighetsfakultetet. Fyre møtet i Calmeyergata vart det valt ny
formann.

I brev frå ein av dei som var med i styremøtet hev eg
fenge fyrste hands referat. Tandberg laut kalla saman
styremøtet, han opna det og styrde det. Då røystingi
var ferdig og han var kasta, reis han upp, bukka, og gjekk.
Det var både synd og skam. Tandberg var heilhuga ven
av Menighetsfakultetet. Han vilde stydja det av all si
makt. Han sa ifrå at han ikkje nokorleis var tenkt å
draga seg att-ende frå formanns-yrket. Og han tok seg
nær av at dei kasta han. Han hadde aldri i heile sitt liv
vore personleg i strid med nokon, han var freds-mann
heilt igjenom.

Det er trulegt at Tandberg ved samvære med
erkebiskop Nathan Söderblom hadde fenge ei vidare syn.
Ein av aktørane frå hi sida var so ufin å skriva offentleg:
vi har en tid hatt følelsen av at Oslo bispestol er blitt
et underbruk under Uppsala erkebispestol!

Tandberg fekk banen sin ved denne syrgjelege
åt-ferdi.

Den andre Austlands-bispen, biskop Dietrichson på

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0096.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free