- Project Runeberg -  Kyrkohistorisk Årsskrift / Fyrtionde årgången, 1940 /
200

(1900)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Oluf Kolsrud, Blodbadet i Stockholm aar 1520

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i78

oluf kolsrud

folk, ein tridje 10 skip1; og det er nok dette tilbodet som er upphäv
til ryktet i Rom. — Ryktet fekk dei tvo brevskrivarane til Danmark
til aa undrast paa, um Hans Heilagleik no kanskje kjem paa andre
tankar, og um den pavelege kommissæren vert sendt eller ei. — Her
ligg kannhenda grunnen til, at Franciscus de Potentias avreisa vart
utdrygd i fleire maanader; fyremælingsbrev fraa kardinalen av Ostia
for nuntien til dronning Elisabeth av Danmark er fyrst utferda 20.
september 1521.2

II.

Til bispestolane i Skara og Strängnäs, som var blitt ledige ved
blodbadet, presenterte kong Christiern tvo menn som hadde vore
hans reidskapar ved straffedomen over upprørarane, — til Skara den
kongelege sekretæren mester Didrik Slagheck, decanus i Roskilde, og
til Strängnäs biskopen i Fyn Jens Anderssøn Beldenak. Hans ynskje
um stadfesting paa desse val møtte motstånd i Rom, Johannes Magnus
Gothus hadde forsvara »fridomen» aat dei biskopslause kyrkjorne3,
skuldi for blodbadet maatte fyrst granskast, — og kongens sendemann
mester Hartvig Lange reiste heimatt med uforretta sak, medførande
dei pengar han hadde havt med til Rom for Jens Anderssøns
kon-firmasjon som biskop i Strängnäs.4

Derimot imøtekom Leo X Christierns ynskje i ei onnor like viktig
sak, ved aa utnemna Didrik Slagheck til erkebiskop i Lund, 12. juli
15215, — eit val som Christiern sjølv var i stor tvil um, og som han
snart bittert angra. Alt i juni 1521 aatvara biskop Jens Anderssøn6
kongen imot Didrik Slagheck og raadde han til aa skilja seg med
honom, for elles kom skuldi for mester Didriks framferd til aa falla
paa kongen. »Mester Diderik er udropt over alle landen for en open-

Foreign and Domestic, of the Reign of Henry VIII, ed. J. S. Brown, III, London
1867, s. 572. — [Albrecht] Dürers Schriftlicher Nachlass, hg. v. K. Lange
u. F. Fuhse, Halle a. S. 1893, s. 176.

1 Letters and Papers, ed. Brewer, III, s. 560. — Opus Epistolarum Petri
Martyris Anglerii, Amstelodami 1670, s. 414 (etter brev fra den keisarlege
storkanslaren Gattinara). — Calendar of State Papers and Manuscripts, ed. R.
Brown, III, s. 144.

2 Dipl. Norv. XVII, nr. 1272.

3 SRS III. 2, s. 74. * APD 4904.

5 APD 4874. 4875, jfr 4876. 4877. 4879. 4880. 4881. 4882.

e Behrmann, II, s. 158—9; jfr Allen, III. 2, s. 182.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 14:11:28 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kyrkohist/1940/0212.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free