- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 2 /
7

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Eventyr og stubbar og dyresogor - 1. Bjørnen og skrubben og reven paa veiding. Norsk folkeeventyr

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I. Eyentyr og stubbar og dyresogor.

I. Bjørnen og skrubben og reven paa veiding.

Det var ein gong bjørnen og skrubben og reven skalde
fylgjast og gaa ut paa veiding. Bjørnen skulde taka alle
hestarne, og skrubben alle kyrne, og reven alle sauerne og
geiterne. So skulde dei møtast um kvelden og skifta alt. Ja
daa no kvelden kom, møttest dei uppaa eit fjell, og der laag
det ein stor dunge som dei hadde drepe og bore dit. «Men
skal me kje kvila oss ein grand fyrr me skifter?> sa reven;
«so skal me ha det so gildt etterpaa», sa han. Ja det
vilde dei andre og. So la dei seg til og skulde sova.
Reven laag ytst paa bergkanten, so skrubben ovanfor, og
so bjørnen inst.

Daa dei andre tvo hadde sovna og laag og raut, lurde
reven seg upp og la seg innanfor bjørnen. Og so ropa
han: «Oka deg, oka deg, eller so dett eg utfyre!»
Skrubben høyrde det og oka og tokka seg og trudde han flutte
seg lenger inn paa fjellet, — so datt han utfyre og slo
seg i hel.

Bjørnen sov so tungt at han ikkje hadde høyrt noko,
og so um eit bil ropa reven att: «Oka deg, oka deg, eller
so dett eg utfyre!* Daa raadde bjørnen or og oka og
tokka seg best han kunde, og trudde han flutte seg lenger
inn paa fjellet, og so med eitt tok han til aa glida utfyre.
Men i det same hogg han eine framlabben fast i den eine
bakfoten paa reven og vart hangande. Og reven han kunde
korkje draga bjørnen upp atter eller faa foten sin laus. So
ropa han: «Hogg i fot, hogg i fot, og inkje i bjørkerot,
so skal eg draga deg upp atter!* Bjørnen trudde daa at
det var ei rot han hadde hogge seg fast i, og so saag han

Veiding: jagt. — Raut, av rjota: snorke. — Oka: ake, flytte
— Bil: stund, tid. — R a a d a or: vaakne.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:12:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/2/0007.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free