- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 2 /
8

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Eventyr og stubbar og dyresogor - 1. Bjørnen og skrubben og reven paa veiding. Norsk folkeeventyr - 2. No er katten daud. Norsk barneregle. Fra Bernt Støylens «Norske barnerim og leikar» - 3. Skrøne-Per. Norsk folkesagn. Fra «Fedraheimen»

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

8

ei bjørkerot attmed som han trudde var revefoten. So
slepte han foten og hogg i roti; men ho slitna med ein
gong, og bjørnen datt utfyre og slo seg i hel.

No hadde reven alt i hop, hestarne og kyrne og
sauerne og geiterne. Han aat so mykje han orka, og la
seg til aa sova til ljose morgonen. Og so turvte han ikkje
gaa paa yeiding paa mange dagar, so mykje mat hadde han.

2. No er katten daud.

Katten laag under omnen
og klaga si store naud:
«Eg hev so vondt i hovudet

mitt,

det vert min visse daud».
No er katten daud,
no er katten daud.

Torsdag og fredag aat han

kjøt og kaal,
laurdag laag han paa likebaar.
Dei sende bod, dei skikka bod
til snikkaren paa Lista,
han skulde koma, han maatte

koma

og gjera katten ei kista.

Dei sende bod, dei skikka bod
til prestekona paa Lista,
ho skulde koma, ho maatte

koma

og leggja katten i kista.

Dei sende bod, dei skikka bod
nord-etter alle fjordar,
dei skulde koma, dei maatte

koma

og fylgja katten til jordar.
For no er katten daud,
for no er katten daud!

Fire myser i likferd gaa.
Fyre ganga dei rottor graa
med lange sorg etter katten;
etter koma dei myser smaa,
dei kann kje berga seg for

laatten.
For no er katten daud,
for no er katten daud!

Gledje dykk, alle myser smaa!
for no skal me i budi gaa
og eta smør og braud.
For no er katten daud,
for no er katten daud!

3. Skrøne-Per.

«Eg hev set fire graabeinar eg,» sa ein. «Aa nei menn
hev du kje set fire graabeinar,® sa den andre. «Aa nei, det
var nok berre tri lel.* — «Aa du hev kje set tri heller du!»
— «Aa nei, det var nok berre tvo.» — «Du hev kje set tvo
heller du, meiner eg.» — «Aa nei, det var nok berre ein.»

Lista: Listerlandet. — Laatt: latter.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:12:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/2/0008.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free