Print (PDF)
- Color (PDF)
- full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
store bokrike; men for oss nordmenner er
sjølvsagt vaart eige gamle maal det fremste til
upplysning um morsmaalet som det er no. Det gamle
norske formverket liver enno i islandsk, som i
so maate er eit gamalnorsk maalføre. Ogso
Færøymaalet er eit norsk maalføre; det ligg liksom
millom gamall og ny norsk. Desse tvo maali
høyrer soleis i grunnen med til vaar eigen norske
maalheim i ei større umsyn.
*
Elles er det norske maalet mest likt svensk og
dinæst dansk. Alle desse tri maali er kvister paa
den germanske maalgrein, som ogso tysk, hollandsk
og engelsk høyrer til.
Her er nokre ord som syner skyldskapen
millom desse maali :
norsk svensk dansk
fa(de)r fa(de)r fa(de)r
mo(de)r moder moder
son son søn
dotter- dotter datter
auga oga øie
hjarta hjerta hjerte
ha nd hand haand
fot fot fod
is is is
ku ko ko
hus hus hus
hata hata hade
saapa såpa sæbe
eik ek eg
draum drom drøm
drøyma dramma drømme
hollandsk engelsk tysk
vader father vater
moeder mother mutter
zoon son soknsohn
dochter danghter tochter
oog eye auge
hart heart herz
hand hand hand
voet Joot fuss
i/s ice eis
koe cow kuh
huis house haus
haten hate hasten
zeep soap seife
eek oak eiche
droom dream traum
dromen dream triiumen
Den germanske maalgreini høyrer til ei stor
maalætt som me kallar den indo-europæiske, og
som breider seg utyver mesteparten av Europa og
Vest-Asia. Andre maalgreiner av denne same maal
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Fri Jan 20 10:24:48 2012
(aronsson)
(diff)
(history)
(download)
<< Previous
Next >>
http://runeberg.org/maalsoga/0007.html