- Project Runeberg -  Norsk maalsoga for skule og heim /
11

(1907) [MARC] Author: Marius Hægstad
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 1. Den frumnordiske tidi (til 750)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Fraa denne tidi hev me ogso dei eldste merki
etter norderlandsk maal. Det er innskrifter paa
steinar, spenne, sylgjor og dilikt, skrivne med runer,
som dei meiner folki i norderlandi hev lært hjaa
skyldfolki sine — gotarne — i slutten av det 3dje
hundradaaret e. Kr. Den runerekkja som dei bruka
i den eldre jarnalderen, hadde desse 24 bokstavar:

f u þ a r k g v : h n i j eu p r s : t b e m l ng o ð

Me hev meir enn 100 innskrifter med slike
runer spreidde yver alle norderlandi. Maalet i desse
innskrifterne, som er oftaste stutte og vande aa
tyda, er det same aa segja alle stader, anten me
finn deim i Norig, Sverike eller Danmark. Det
kunde soleis sjaa ut som folki i alle desse landi
i den eldre jarnalderen hev tala eit og det same
maal, men det kann ogso vera, at det berre er
runemeistrarne som hev høyrt til ei og den same
folkegreini, og som hev skrive paa eit og same
maalføre. Kor det no er med dette, so hev desse
innskrifterne det største verd for maalgranskingi,
med di me her hev dei eldste former som bid av
norderlandsk maal eller frumnordisk. I Norig hev
me funne paa lag 50 innskrifter med dei eldste
runer. Dei merkelegaste er fraa: Einang i Valdres
(300—400 e. Kr.), Tune i Austfold (400—500),
Strand i Ryfylke, Valsfjord i Sud-Trøndelag, Bratsberg
paa Upp-Strindi i Sud-Trøndelag, Opedal i
Hardanger (500—600), Amle i Sogn, Veblungsnes
(600-700), Vatn paa Ørlandet i Sud-Trøndelag
(700—800 e. Kr.).

Her er innskrifti paa Strand-steinen med
latinske bokstaver innsette i staden for runer:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:18:34 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/maalsoga/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free