- Project Runeberg -  Norsk maalsoga for skule og heim /
10

(1907) [MARC] Author: Marius Hægstad
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 1. Den frumnordiske tidi (til 750)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

det seg paaverknad fraa keltiske folk. So kjem
det ein tidebolk paa ei 300 aar med merke etter
romarkultur; me finn romerske mynter, kjerald og
anna tarvende, stundom med latinske innskrifter[1].
Sidan vert det ei tid som syner paaverknad fraa
frankar, burgundar og angelsaksar i den store
folkeflutningstidi (300—500 e: Kr.). Men etter
denne tidi ovrar det seg ein heilstøypt, formrik og
formvæn kultur, som er germansk, og som i alle
maatar skil seg ut fraa den som raadde i den
klassiske forntidi. Funderne fraa den eldre
jarnalderen syner oss at Norig daa hev vore bygt alt
nord til Andøyi og langt upp i mange fjelldalar,
endaa storfjølden av folket ogso den tidi hev butt
fram med sjøsida.

At det er vaare forfeder som hev butt i
Norig i den eldre jarnalderen, hev me fullvisse prov
paa. Den græske landkunnige Ptolemæos, som
livde umkring 150 aar etter Kr., fortel soleis
um Skandia (Norig og Sverike; eigenleg Skaane)
at lengst nord budde Fennoi (finnarne[2]) og lengst
vest Chaidinoi (gamalnorsk: heinir, heidmarkingar).
Og ein gotisk sogeskrivar Jordanes (umkr. 550 e.
Kr.) nemner : Ragnaricii (folk i Ránriki, no
Bohuslen), Raumaricii (Romerikingar), Agansii (folk i
Agder), Ethelrugi (rygjer), Arothi (hordar) og fleire
andre norske folkenamn.


[1] Soleis fann dei paa Farmen, Vang, Heidm. i 1865 i ein
rund gravhaug ei romersk bronseskaal, fyllt med brende
bein; ho hev denne latinske innskrifti: LIBERTINVS.
ET. APRVS. CVRATOR(ES. POSI)VERVNT ɔ:
tempelforstandarane Libertinus og Aprus sette (det er: gav
denne til templet). Skaali er no i Lorange’s samling,
Fredrikshald.
[2] Sume trur, at dette maa ha vore eit anna folk enn dei
me no kallar finnar, som fyrst skulde vera innkomne i
landet i slutten av vikingtidi.(?)

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 18:04:51 2021 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/maalsoga/0010.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free