- Project Runeberg -  Norsk maalsoga for skule og heim /
14

(1907) [MARC] Author: Marius Hægstad
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 2. Vikingtidi (750—1000)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

kvadi fraa denne tidi ikkje vart uppskrivne fyrr
lenge etter, gjev dei ikkje noko klaart bilæte av
maalet i vikingtidi og høyrer i maalvegen helst
til det næste tidebilet.

Fraa vikingtidi hev me ei mengd med
jordfunder og fornleivor av alle slag, mest jarnfang:
vaapn og tarvende. Det var i vikingtidi dei lagde
liki, brende eller ubrende, i baatar eller skip, og
gjorde store haugar yver. Av slike skip hev dei
i Vestfold fraa kringum aar 900 funne fram tvo,
som hev halde seg alt til vaare dagar
(Gokstadskipet, og det nyfunne Osebergskipet, som laver
av fin treskurd). — Jordfunderne fraa den yngre
jarnalderen syner oss, at i den tid var ogso
innlandet bygt.

Som alt anna vart ogso skrifti og maalet
mykje umbrøytt i vikingtidi. I staden for den eldre
runerekkja med 24 teikn, kom det i det 9de hundr.
i bruk ei rekkja med berre 16 (den yngre
runerekkja)
, som. ikkje kunde skilja millom so mange
ljodar som den eldre, men var meir lagleg aa
hogga inn i stein og skjera i tre:

  
f u þ a r k,g  h n i a s  t,d, p,b l m R(y)


Av norske innskrifter med yngre runer hev
me atter kringum 150; men det er faa som er
fraa denne eldste tidi. Den merkelegaste er den
paa Karlevisteinen paa Øland i Øystresjøen med
eit finbygt vers, som ein austnorsk skald umkr.
980 hev dikta um ein dansk hovding som vart
gravlagd der.

Av dei mange maalbrigde i slutten av den
eldre jarnalderen og i vikingtidi vil me her nemna
dei merkelegaste.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:18:34 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/maalsoga/0014.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free