- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
29

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

29
BONDEN

«Bonden» kalla folk i Älsgjeld ein husmann der
i grendi. I ungdomen tente han hjå ein gjerug-
knark som ikkje timde å gi arbeidsfolki sine skik-
kelig mat. Um morgonen fekk Bonden lite nok
smør på brødet og til nons fekk han for tunne oste-
snei. Denne «Bonden» var elles av dei som var
skorne for tungebandet, han var til-med kjend for
sine skosor. Ved nonsbordet ein gong heldt han ei
osteskive fram for augo og so sa han: «Det er
reint merkjeleg korleis eg har bestna på synet. I
dag tidleg såg eg ikkje smøret på brødet og no ser
eg geitane i Nersetlien gjenom ostesneiet».

Nerset er eit stølslag som ein ser eveleg langt
burte frå denne garden.

Denne gjerugknarken, som Bonden tente hjå,
sa året etter storfroståret 1812: «Gud lat uss
alder furuborken trøyte». Han hadde nok av gamalt
korn stå-ande, men so lenge naudi tvang andre til
å bruke barkebrød spara ogso han kornet og gav
tenarar og arbeidsfolk borkebrød og reinsmosekake.

MUSKEN

Musken var uppnamnet på ein skomaker i Hemse-
dal. Han var mykje på arbeid i Leveld og der vart
han ogso trulova med ei gjente. Ein gong kom han
på nattefriing til gjenta si, banka på loftsdøri og
kom seg inn. Men huvud stups etter kom nokon
glankarar som banka på, og dei slapp ogso inn.
Dei hadde just set «Musken» gjekk inn i loftet,
men alt dei leita, fann dei han ikkje. — «Då sat eg
på taket, eg», sa han, sea. Men korleis han var
komen der, skyna ingen. Når nattlauparane hadde
Musken med seg turvte dei ikkje bry seg med å
banke på loftsdøri eller rope på hjå gjentone. Han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free